3G er 3. generasjons mobiltelefoni og etterfylgjaren til 2G, med dataratar opp til 384 kbps. Nettverket byggjer på eit sett av standardar for mobil kommunikasjonsteknologi og nettver som følgjer spesifikasjonen International Mobile Telecommunications-2000 (IMT-2000) fastsett av International Telecommunication Union. 3G kan nyttast til trådlaus telefonering, mobil Internett-tilgang, fast trådlaus Internett-tilgang, videosamtalar og mobilt fjernsyn.[1]
I tillegg til å gje raskare dataoverføring enn 2G, gav 3G også betre stemmekvalitet.[1] Nettverket blei erstatta av 4G, og seinare av 5G.