3. divisjon Møre 1977, ei av Norges Fotballforbund sine mange serieavdelingar, tok til sundag 1. mai og vart avslutta med full runde sundag 25. september. Avdelinga bestod av 10 lag: 6 frå Sunnmøre, 2 frå Romsdal og 2 frå Kristiansund. Vinnaren av avdelinga møtte vinnaren av Trøndelags-avdelinga til kampar om opprykk til 2. divisjon. Dei to laga med færrast poeng rykkte ned til 4. divisjon.
Poengtabell
Kristiansund FK møtte Stjørdals-Blink i kampen om opprykk til 2. divisjon. KFK vann 2-1 heime, i Stjørdal vann heimelaget 1-0. Ein tredje og avgjerdande opprykkskamp fann stad på Sunndalsøra, der sigra Stjørdals-Blink med 2-0.
Toppskårarar
Kjelder