Flåklypa Grand Prix er eit eventyrspel utvikla av Ravn Studio. Det er basert på filmen under samme namn frå 1975 og er skildra som ei nyutgåve av PC-spelet frå 2000, som også vart utgjeve til Nintendo DS i 2010.[1] Den nye utgåva av spelet har mellom anna tredimensjonale modellar og meir avansert grafikk.[2]
I 2018 fekk spelet to millionar kroner i utviklingsstønad frå Norsk Filminstitutt. I juli same året vart ein innsamlingskampanje lansert på Startskudd.no[3], som samla inn over 600 000 kroner.[4] Spelet hadde opphavleg planlagd utgjeving i 2019, som seinare vart utsett til 2020. I april 2020 vart det kunngjort at Zordix Publishing skulle stå for publiseringa av spelet i 2021.[5] Flåklypa Grand Prix vart til slutt utgjeve den 4. november 2021 til Nintendo Switch og Microsoft Windows via Steam, med ei planlagd komande utgåve til Mac.[6]
Spelet fekk positiv mottaking for presentasjonen og nostalgifaktoren, men kritikk for manglande innhald i høve originalutgåva frå 2000.[7][8]
Sjå òg
Kjelder
- ↑ «Flåklypa-spillet kommer neste år». spillhistorie.no. 6. april 2020. Henta 22. april 2020.
- ↑ «Se de første bildene fra det nye Flåklypa-spillet». NRK. 20. april 2018. Henta 22. april 2020.
- ↑ «Flåklypa Grand Prix-remaken ber om vår hjelp». Gamereactor. 27. juli 2018. Henta 22. april 2020.
- ↑ «Flåklypa Grand Prix». Startskudd. 3. april 2020. Arkivert frå originalen 25. mars 2020. Henta 22. april 2020.
- ↑ «Zordix Publishing reveals: Hit game Pinchcliffe Grand Prix to get spiritual successor on Nintendo Switch and PC». Zordix. 3. april 2020. Arkivert frå originalen 20. mai 2020. Henta 22. april 2020.
- ↑ «FLÅKLYPA GRAND PRIX». Ravn Studio. Henta 27. september 2021.
- ↑ Jansen, Espen (29. oktober 2021). «Anmeldelse: Flåklypa Grand Prix». Gamer.no. Henta 4. november 2021.
- ↑ Fjeld Olsen, Rune (2. november 2021). «Anmeldelse: «Flåklypa Grand Prix»». NRK. Henta 4. november 2021.