120 Days er ei norsk musikkgruppe som starta opp i 2001 under namnet The Beautiful People. Medlemmene er alle saman oppvaksne i Kristiansund, men flytte til Oslo i 2002. I 2003 vart The Beautiful People både eitt av vinnarbanda i Zoom Urørt, og dei var blant finalistane i Årets Urørt på NRK P3. Dei gav ut to EP-ar for plateselskapet Public Demand i 2004 før dei signerte kontrakt med Smalltown Supersound. I 2005/2006 opptrådte bandet under namnet Sex Beat, av di det var fleire utanlandske band som kalla seg The Beautiful People. Frå og med sommaren 2006 vart gruppa heitande 120 Days.
Debutalbumet 120 Days vart utgjeve 10. oktober 2006 i Noreg på Smalltown Supersound, seinare også i USA og Japan. Albumet vart svært godt motteke i Noreg, og vann Spellemannprisen 2006 både i klassa Rock og i klassa Årets nykomar. Bortsett frå ei singelutgjeving har ikkje 120 Days gjeve ut noko meir til no sidan 2006.
Diskografi
- Sedated Times (2004), EP
- The Beautiful People EP (2004), EP
- 120 Days (2006), Studioalbum
- Come Out, Come Down, Fade Out, Be Gone (2006), singel
Kjelder