1. garde-stridsvognarmé (transkribert russisk 1. gvardejskaja tankovaja armija) er ei avdeling i den russiske hæren.
1. stridsvognarmé var namnet frå 1942 til 1944.
Første oppsetting
1. stridsvognarmé frå Sovjetunionen vart sett opp i Stalingrad i juli 1942, men vart snart omringa og delvis øydelagt. Han var då leia av generalmajor K.S. Moskalenko.
1. stridsvognarmé vart igjen sett opp den 30. januar 1943 under kommando av Mikhael Katukov, som var personleg oppnemnd av Stalin, og overført til Nordvestre front.
Etter krigen vart 1. stridsvognarmé tildelt Ordenen til Raude Fane og vart ein del av den sovjetiske okkupasjonsmakta i Tyskland, kjent som Gruppa av sovjetiske styrkar i Tyskland med hovudkvarter i Dresden. På slutten av 1980-talet vart hovudkvarteret trekt tilbake til Smolensk i Moskva militærdistrikt og oppløyst i 1998.
Reaktivering
Etter ein 16-års pause, vart 1. garde-stridsvognarmé (frå Russland) sett opp att i Moskva-området, Vestre militærdistrikt i november 2014 . I denne oppsettinga har arméen to manøverdivisjonar (4. stridsvogndivisjon og 2. motoriserte infanteridivisjon).
1. garde-stridsvognarmé har hovudkvarter i Odintsovo i Moskva-området, med følgjande manøvereiningar på taktisk nivå:[1]
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2019