Úhlava (tysk Angel) er ei 108 km lang elv i Tsjekkia, og ei av sideelvane til Radbuza. Ho har sitt utspring om lag 1110 moh. på den vestre sida av fjellet Pancíř (1214 m) i fjellkjeda Šumava. Ho renn mot nordvest og sidan nordover gjennom landsbyane Nýrsko, Janovice, Bezděkov, Klatovy, Švihov, Lužany, Preštice og Štěnovice før ho munnar ut i Radbuza i Plzeň.
Ei av dei største sideelvane hennar er Chodská Úhlava. Elva har eit nedslagsfelt på 919 km² og middelvassføring ved Štěnovice er 5,78 m³/s.
Kjelder