Ørsta/Volda lufthamn, Hovden er ei lufthamn som vert eigd og driven av Avinor AS. Lufthamna ligg midt mellom bygdebyane Ørsta og Volda i Møre og Romsdal fylke. Plasseringa er direkte i tettstaden Hovdebygda i Ørsta kommune. Flyplassen vart opna den 1. juli1971 i samband med utbygginga av det norske kortbanenettet. Flyplassen hadde opphavleg ei rullebane på 866 x 30 m med asfaltdekke, seinare er ho blitt utvida til 1070 m.
Flyplassen har hatt stor auke i passasjertalet dei siste åra. Mykje av årsaka til det, er betre kommunikasjonar i regionen (Eiksundsambandet og Kvivsvegen), som har gjort flyplassen lettare tilgjengeleg for fleire. I takt med dette har også rutetilbodet auka. Avstanden frå Ørsta sentrum til flyplassen er 4 km, frå Volda 7 km, Ulsteinvik 30 km, Fosnavåg 45 km og Stryn 64 km.