Ödemiş er eit distrikt i provinsen Izmir i Tyrkia. Byen har kring 75 000 innbyggjarar (2009).
Ödemiş ligg 113 km søraust for İzmir. Nord for byen ligg ruinane av Hypaiapa. Ödemiş er kjend for potetene som vert dyrka her, og for Ödemiş-kebab. Det vert produsert 350 000 tonn poteter her kvart år, som er det meste i heile Tyrkia.