Étampes er ein kommune i dei sørlege forstadane til Paris i Frankrike, men har status som by. Han ligg 48,1 km frå sentrum av Paris, og er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Essonne.
Étampes, i lag med nabokommunane Morigny-Champigny og Brières-les-Scellés, dannar eit byområde med 26 604 innbyggjarar (1999). Dette urbane området er ein drabantby til Paris.
Historie
Étampes (latinsk: Stampae) eksisterte på byrjinga av 600-talet og tidleg i mellomalderen vart han ein del av den franske krona. I løpet av mellomalderen var det fleie rådsforsamlingar her og det mest kjende fann stad i 1130, som førte til at Innocent II vart rekna som den rettmessige paven. I 1652, under borgarkrigen Fronde vart byen hardt råka av dei kongelege troppane leia av Henri de la Tour d'Auvergne frå Turenne.
Geografi
Étampes ligg ved elva Chalouette, ei sideelv til Juine.
Bakgrunnsstoff