Ångermanälven er ei 490 km lang elv, som renn gjennom nordre Sverige. Ho er den tredje mest vassrike elva i Sverige (485 m³/s) og har eit nedslagsfelt på 31 864 km²
Kjeldene til Ångermanälven ligg ved Børgefjell på grensa til Noreg. To forskjellige elvar renn saman nordvest for Sollefteå. Ved den nordre elva ligg stadane Åsele og Vilhelmina som to av dei større stadane nær elva. Strömsund er ein av dei større stadane som ligg ved det søndre løpet til elva.